Dette gjeld totalt 325 byningseiningar langs den planlagde tunnelen for høgspentkablane mellom Breivik i Bergen og Litlesotra i Fjell. Som kjent må dagens høgspentkablar flyttast for å gi plass til det nye veganlegget.

Video-dokumentasjon

Fagfolka skal registrere tilstanden på husa før tunnelsprenginga tek til. Det blir mellom anna nytta foto og video for å sjå på tilstanden til husa. Dei skal gjennomføre førehandsregistrering på alle eigedomar og utvendige konstruksjonar som ligg innanfor ei sone på 100 meters avstand frå traseen for kabeltunnelen.

Målet er å skaffe ei objektiv framstilling av den noverande tilstanden til bygningsmassen.

Oppdraget kan gi byggherre premiss for anleggsdrifta og grunnlag for eventuelle erstatningskrav frå grunneigarane under sprenging av tunnelane.

Etter-undersøkingar

Ved synfaringar etter at byggeperioden er over, skal konsulenten vurdere om det er grunnlag for at påpeikte skader er eit resultat av anleggsarbeidet.

Kontrakten med konsulenten for tilstandsrapporten er på 528.600 kroner og arbeidet vil ta til med det første.

Tilsvarande registrering for bustader som ligg langs sjølve veganlegget på det nye Sotrasambandet vil skje seinare.