Som kjent må dei ni høgspentkablane mellom Bergen og Sotra flyttast for å rydde plass til det nye Sotrasambandet. Sprenging av kabeltunnelar er godt i gang. No blir det snart byggestart også på framføringa av kablane på undersida av riksveg 555 Sotrabrua.

Jobb til Voss

Det er HMR Voss AS som har fått oppdraget med denne ståljobben for rv. 555 Sotrasambandet. Dei har teke med seg UniProtect AS som underentreprenør. Oppdraget er på 38,5 mill. kr.

Det var tre entreprenørar som tok del i konkurransen. Eitt av tilboda blei avvist. Det tredje kom frå Vertikal Service AS og Solid vedlikehald AS på 45,2 mill. kr.

Entreprenørane riggar seg til på båe sider av fjorden. Dei tek sikte på å kome i gang med oppdraget no i januar.