Det var prosjektleiar Espen Hammersland i Statens vegvesen som peikte på dette under eit marknadsmøte for anleggsbransjen om to nye OPS-prosjekt i Norge.

God interesse

Kring 200 var til stades på møtet ved Gardermoen 18. oktober. Det var innlegg om OPS-prosessen generelt, E10/rv. 85 Hålogalandsvegen og to innlegg om rv. 555 Sotrasambandet.

Planen er at OPS-prosjektet for Sotrasambandet skal lysast ut våren 2019. Deretter vil det pågå gjennomgang av tilboda, utvelging av entreprenørar som vil bli med i ein vidare prosess, og til slutt signering av kontrakt, vonleg i 2020.

Vegopning kan bli i 2025, medan fullføring av lokalvegnettet, inkludert oppgradering av gamle Sotrabrua – kan skje i 2027.

Stor trafikk

To av tunnelane i det nye rv. 555 Sotrasambandet vil få ei stgning på fem prosent, som er grensa for godkjenning. Det er likevel gitt grønt lys for ei stigning på 5,5 prosent for ein mindre del av tunnel-anlegga.

Trafikkmengda på sambandet er ei stor utfordring – kring 30.000 køyretøy passerer gjennomsnittleg dagleg på rv. 555 mellom Storavatnet i Bergen og Kolltveit i Fjell. Det er og svært høge ulykkestal.