Bygginga av dei to kabel-tunnelane i Bergen og Fjell er på tilsaman 3,4 km og skal gi rom til flytting av dei ni høgspentkablane, som i dag går i fritt spenn over fjorden.

Kontrakten er på 276 mill. kr. og byggestart er planlagt til juni.

Fjerde felles-prosjekt

Dei to selskapa har vore saman om bygging av rv. 13 Jobergtunnelen i Hardanger. Det same gjeld E134 ved Kongsberg og Åsfjordbrua i Trøndelag.

Det var tre entreprenørar som leverte pris på oppdraget. Arbeidsfelleskapet hadde lågaste pris.

Tryggleik først

Under signeringa sa regionvegsjef Helge Eidsnes at Statens vegvesen vil ha tryggleiken for mannskapa som førsteprioritet. Samstundes krev det stor presisjon ved bygging av små tunnelar for høgspengt-kablane.

Entrprenørane vil ha høgt fokus på tryggleik, og ser fram til samarbeidet med Statens vegvesen.