Møtet 29. mai blir i klubbhuset til Loddefjord IL i Alvøparken, møtet dagen etter blir i kultursalen i Fjell rådhus. Båe møta tek til kl. 18.30.

Kabel-tunnel

Det nærmar seg bygging av kabel-tunnelane for flytting av høgspentlina over fjorden. Tunnelen i Bergen skal gå frå Breivik til Sotrabrua i Drotningsvik. Tilsvarande tunnel i Fjell skal gå frå Sotrabrua i Knarrevik til kraftstasjonen på Litlesotra.

Statens vegvesen vil orientere om framdrifta i dette prosjektet, og korleis naboane til anlegget vil oppleve tunneldrivinga.

Også entreprenørane som skal gjennomføre prosjektet vil orientere om arbeidsopplegget.

Det blir og informasjon om synfaringar til eigedomane som ligg inntil det nye vegprosjektet. Statens vegvesen vil og nytte høvet til å informere om framdrifta i vegprosjektet.