Dette oppdraget gjeld legging av dei ni høgspentkablane i fagverket til dagens Sotrabru, mellom Knarrevik på Sotra og Drotningsvik i Bergen kommune.

Tilboda

Desse har levert tilbod:

  • Uniprotect AS 25,5 mill. kr.
  • BMO Entreprenør AS 59,9 mill. kr.

Statens vegvesen vil i tida frametter kontrollrekne og kvalitetsikre dei to tilboda.

Trafikkregulering

Oppdraget omfattar sandblåsing og maling av delar av fagverket. Det skal og byggast og monterast kabelkanalar og berebjelker under brua.

Eventuell stenging av delar av rv. 555 Sotrabrua vil skje om natta, mellom kl. 22.00 og 05.30.

Sprenging i gang

Frå før har Bertelsen & Garpestad AS, Egersund og Metrostav frå Tsjekkia fått oppdraget med å bygge kabeltunnelar på båe sider av fjorden, til ein kontraktsum på 276 mill. kr. Her har ein så vidt kome i gang med gravearbeid ved tunnelpåhogget i Knarrevik.

Det same gjeld graving og sprenging av tunnelpåhogget i Breivik i Bergen.