Det blir sett opp kring 30 fastmerke i området der veglina er planlagt. Dei fleste av desse er søyler på knappe 1,3 meters høgde, som bli plasserte på høgdedrag i terrenget.

Utmark

Utplasseringa er i gang på båe sider av fjorden, i Bergen og Fjell kommunar.

Der det ikkje er råd å kome fram med biltransport blir det nytta hest. Noko skjer med vogn, der stien tillet dette. Men hesten kan i kupert terreng kløve ferdig betong fram til plassen der fastmerket skal byggast.

Innmåling

Det er vallaken GM som står for dei tyngste taka under transporten. Eigar er Rune Samnøy, som er fagmann på geometrisk innmåling. Han har avtale med Statens vegvesen på dette oppdraget.

Hestefolk veit at «vallak» er ein kastrert hingst. GM er godlynt og arbeidssam.

Fastmerka skal nyttast ved innmåling og stikning for entreprenørane som får kontrakten for bygging av Sotrasambandet. Også ved byggherre-kontroll er det bruk for slike merke. Fastmerka gir eit einsarta grunnlagsnett på vegstrekninga under heile byggeperioden.