I samsvar med Plan og bygningslova § 12-10 vert det med dette kunngjort at Fjell kommune og Bergen kommune har vedteke å leggja ut til offentleg ettersyn og høyring framlegg til reguleringsplan for Sotrasambandet, ny rv. 555 mellom Kolltveit i Fjell og Storavatnet i Bergen. Vedtak i Fjell formannskap 22.06.2015, sak 30/2015. Vedtak i byrådet i Bergen 25.06.2015, sak 1222-15.

Planområdet er delt i to planar

  • PlanID. 20130001, parsell Kolltveit–Bergen grense (i Fjell kommune)
  • PlanID. 62990000, parsell Fjell grense–Storavatnet (i Bergen kommune)

Tiltakshavar Statens vegvesen Region vest har i samarbeid med Bergen kommune og Fjell kommune utarbeidd framlegg til reguleringsplanar med tilhøyrande vedlegg. Føremålet med planane er å få fastlagt løysing for nytt fastlandssamband mellom Sotra og Bergen.

Du finn plandokumenta her

Merknader til planane

Reguleringsplanane er lagt ut til offentleg ettersyn og høyring i perioden  30.08. til 31.10.2015. Frist for uttale er sett til 31.10.2015

Fjell kommune

Eventuelle merknader som gjeld parsell Kolltveit–Bergen grense, skal sendast skriftleg til Fjell kommune, postboks 184, 53542 Straume eller på e-post til: postmottak@fjell.kommune.no

Bergen kommune

Eventuelle merknader som gjeld parsell Fjell grense–Storavatnet skal sendast skriftleg til Bergen kommune, postboks 7700, 5020 Bergen eller på e-post til: postmottak@bergen.kommune.no

Informasjonsmøte

I samband med offentleg ettersyn av reguleringsplanane, inviterer Bergen og Fjell kommunar i samarbeid med Statens vegvesen, til opne informasjonsmøte i

  • Kultursalen Fjell rådhus, Straume tysdag 22. september 2015 kl. 1900–2030
  • Auditoriet, Olsvikåsen videregående skole torsdag 24. september 2015 kl. 1900–2030

Kontordagar

Det vil også verta halde kontordagar der alle som har behov for å vite om planframlegget vil ha noko å seie for eigen situasjon, er inviterte til å komme for å prate med ein planleggjar

  • på Fjell Rådhus tysdag 29. september kl. 1400–1900
  • i Kultursalen i Loddefjord, Vannkanten, måndag 5. oktober kl. 1400–1900

Spørsmål knytt til reguleringsplanane kan rettast til:

Statens vegvesen v/Magnus Natås, tlf. 55 51 64 11
Statens vegvesen v/Lilli Mjelde, tlf. 55 51 64 39
Statens vegvesen v/Knut Ekseth, tlf. 55 51 63 07
Fjell kommune v/Willy Sørensen, tlf. 55 09 73 40
Bergen kommune v/Svein Steine, tlf. 55 56 65 90