I samråd med Fjell kommune og Bergen kommune, vil Statens vegvesen Region vest varsle om oppstart av planarbeid med reguleringsplan for rv. 555 Sambandet Sotra–Bergen frå Kolltveit i Fjell til Storavatnet i Bergen.

Varsling skjer i medhald av Plan og bygningslova § 3-7 og §§ 12-3, 12-8 og 12-14.

Reguleringsarbeid_Oppstart_KolltveitStoravatnetOversiktskart for planområdet

Det vert utarbeidd to reguleringsplanar

  • Fjell kommune frå Kolltveit til Bergen kommunegrense. PlanID 20130001 362DP
  • Bergen kommune frå Fjell kommunegrense til Storavatnet, PlanID 62990000

Planarbeidet skal utførast med grunnlag i vedteken kommunedelplan med konsekvensutgreiing for sambandet Sotra-Bergen mellom Kolltveit og Storavatnet. Strekninga er delt i to planar.

  1. Kommunedelplan i Fjell kommune, mellom Kolltveit og Bergen kommunegrense, vedteken i Fjell kommunestyre 21.06.2012, planID 20050021.
  2. Kommunedelplan i Bergen kommune, mellom Fjell kommunegrense og Storavatnet, vedtatt av Bergen bystyre 19.09.2012, sak 202/12, planID 19920000.

Tiltakshavar er Statens vegvesen Region vest. Planmyndigheit er Fjell kommune og Bergen kommune.

Det nye sambandet skal vere 4 felts riksveg. Den totale lengda er ca 9 km. Reguleringsplanane skal innehalde løysingar for både vegsystem (hovudveg + tilførselsvegar), kollektivsystem og gang/sykkelvegnett. Veganlegget omfattar veg i dagen, tunnelar og bruer – mellom anna ei ny 4 felts bru mellom Sotra og Bergen.

Planområdet

Planområdet omfattar eit større areal enn det som er vist som bandlagt omsynssone i vedteken kommunedelplan for veganlegget. Bakgrunnen for dette er mellom anna behov for nærare avklaring av arealbruk. Dette gjeld særleg områda:

  • Kryssområdet Kolltveit
  • Kolltveitvegen–Bildøybakken
  • Bildøy–Straume med løysing for sekundærveg
  • Arefjord
  • Søre Drotningsvik
  • Kryss Drotningsvik
  • Kryssområdet/terminallokalisering ved Storavatnet
  • Mellombels anleggsområder

Statens vegvesen vil heile tida prøve å røre minst mogleg areal, spesielt urørt naturområde og område nær eksisterande og planlagt utbyggingsområde. Men sidan løysingar for anleggsområde først vert avklart i reguleringsplanarbeidet, er det viktig å sikre areal til dette no i oppstartsfasen.

Planområdet vil verte snevra vesentleg inn i reguleringsplanarbeidet

Høyringsperiode

Oppstartssaka med framlegg til planavgrensing vert med dette lagt ut til gjennomsyn i perioden 7. mai til 19. juni 2013.

Last ned saksdokumenta , eller sjå dei hos:

  • Kundesenteret, Allehelgensgate 5, 1. etasje, åpningstid: 0830 – 1500
  • Fjell kommune, Servicetorget i Fjell rådhus og i biblioteket på Sartor senter
  • Statens vegvesen Region vest, resepsjonen, Spelhaugen 12, Fyllingsdalen.

Grunneigarar, naboar vert varsla direkte med brev. Alle interesserte vert invitert til å kome med synspunkt og innspel til planarbeidet.

Frist for å komme med merknader og innspel til oppstart av reguleringsplan er sett til 19. juni 2013. 

Etter avtale med Bergen og Fjell kommunar, skal merknader og innspel til planarbeidet sendast skriftleg til; Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger eller på epost til; firmapost-vest@vegvesen.no

Alle merknader og fråsegner som kjem inn, vil følgje saka vidare og vere del av grunnlaget for utarbeiding av reguleringsframlegget.

Informasjonsmøte

I samband med oppstart av reguleringsarbeidet, inviterer Statens vegvesen i samarbeid med Bergen og Fjell kommunar, til ope informasjonsmøte i

Kultursalen Fjell rådhus, Straume tysdag 14. mai 2013 kl 1900 
Aulaen, Olsvikåsen videregående skole torsdag 23. mai 2013 kl 1900

Spørsmål om prosjektet kan rettast til:

Statens vegvesen v/Magnus Natås, tlf 55 51 64 11
Statens vegvesen v/Lilli Mjelde, tlf 55 51 64 39
Bergen kommune v/Svein Steine, tlf 55 56 65 90
Fjell kommune v/Willy Sørensen, tlf 55 09 60 00