Statens vegvesen viser til tidlegare varsling om oppstart planarbeid 30.04.2013. I samråd med Fjell kommune, vil Statens vegvesen Region vest varsle om utviding av planområdet knytt til arbeid med reguleringsplan for nytt vegsamband mellom Sotra og Bergen, parsell Kolltveit-Bergen kommunegrense i Fjell kommune, planID 20130001 362DP.

Grunn for utviding av planområdet

Grunngjevinga er at ein i løpet av planprosessen har kome fram til ei kryssutforming og løysing for tilknyting til fv. 561 mot Ågotnes og fv. 555 mot Sund som krev utviding av planområdet. Løysing for kryssområdet er basert på vegtraséen i vedteken kommunedelplan for fv. 561 Kolltveit–Ågotnes, Sotra nord. Kryssutforminga vil vere eit første byggetrinn i gjennomføringa av det planlagde veganlegget nordover. 

Utvidingsområdet omfattar og løysing for buss og busshaldeplassar, gang- og sykkelsamband langs fylkesveganlegga, mot bustadområda langs Kolltveitvegen og samband til turområda i vest. Det skal og inn parkeringsplassar innanfor planområdet for brukarar av tur- og rekreasjonsområda i vest.  

Varsling skjer i medhald av Plan og bygningslova § 3-7 og §§ 12-3, 12-8 og 12-14.

Tiltakshavar er Statens vegvesen Region vest. Planmyndigheit er Fjell kommune.

Planutvidinga omfattar eit større planområde enn det framlegg til reguleringsplan vil omfatte. Det er grunngjeve i ønsket om å varsle grunneigarar og naboar innanfor eit stort nok område som kan verte rørt av nytt riksvegsamband med tilhøyrande anlegg i Kolltveit- / Beinastadenområdet og få innspel / merknader frå dei.

Høyringsperiode

Varsel om planutviding ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 27. september til 26. oktober 2014 på Fjell rådhus i Straume og hos Statens vegvesen i Spelhaugen 12 i Fyllingsdalen.

Innspel og merknader

Frist for å komme med merknader og innspel til varsel om planutviding av reguleringsplanen for ny rv. 555 i Fjell kommune frå Kolltveit til Bergen kommunegrense. PlanID 20130001 362DP, er sett til 26. oktober 2014

Grunneigarar og naboar er varsla direkte med brev. Alle interesserte vert invitert til å kome med synspunkt og innspel til planarbeidet.

Alle merknader og innspel til planarbeidet skal sendast skriftleg til Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger eller på epost til; firmapost-vest@vegvesen.no.

Alle merknader som kjem inn, vil følgje saka vidare og vere del av grunnlaget for utarbeiding av reguleringsframlegget.

Spørsmål om prosjektet og planutvidinga kan rettast til:

Statens vegvesen v/Magnus Natås, tlf. 55 51 64 11
Statens vegvesen v/Lilli Mjelde, tlf. 55 51 64 39
Fjell kommune v/Willy Sørensen, tlf. 55 09 60 00

Last ned saksdokumenta (melding om planoppstart våren 2013), eller sjå dei hos:

  • Fjell kommune, Servicetorget i Fjell rådhus
  • Statens vegvesen Region vest, resepsjonen, Spelhaugen 12, Fyllingsdalen.

Saksdukumenta ligg og på Fjell kommune sin internettside: https://www.fjell.kommune.no/Om_Fjell/Planar/Sotrasambandet/