I mai startar BKK rivinga av dei ni høgspentmastene som står i traseen der ny bru til Sotra skal byggast. Rivinga er ein del av dei førebuande arbeida til Statens vegvesen for bygging av ny riksveg 555 frå Storavatnet i Bergen til Kolltveit i Øygarden. 

Praktisk informasjon:

  • Dato: Måndag 10. mai
  • Tidspunkt: Kl. 18.00 – 19.30
  • Målgruppe: Møtet er ope for alle interesserte
  • Stad:  Digitalt via Teams - klikk her for å følgje informasjonsmøtet. Dersom du ikkje har Microsoft Teams lasta ned til mobil/ pc, kan du velje "Bli med på nettet i stedet" for å delta. 

Det er høve til å stille spørsmål til BKK og Vegvesenet om arbeidet som skal utførast. Spørsmål stilles direkte i møtet via chatfunksjon eller på førehand via vår epostadresse sotrasambandet@vegvesen.no

Riving av liner og master

I løpet av mai skal BKK rive dei ni høgspentmastene, og alle liner mellom mastene skal fjernast. Nokon stader blir linene senka til bakken, kappa og vert så spola inn på ein hjullastar for å bli frakta ut av området. På delar av strekninga blir linene kappa ved hjelp av sprengladningar. Dette skjer i ein og same sprenging. Linene som faller til bakken og i Vatlestraumen, vert spola inn og frakta ut av området.

Dei to mastene nærast sjøen på Drotningsvik-sida skal fjernast ved hjelp av sprengstoff. Den største masta er over 80 meter høg og blir sprengt ned frå midten. Dato for sprenging av dei to mastene er 20. mai og 26. mai.

BKK har vakter ute i området før, under og etter sprenginga, og dei vil varsle alle grunneigarar og bebuarar i området i god tid med informasjon om arbeidet som skal utførast og tidspunkt for sprenging.

Dei andre mastene vert velta ved bruk av vinsj eller gravemaskin.

Når mastene og linene er nede startar arbeidet med å rydde opp. Mastene vert kappa opp og frakta ut av området med helikopter eller lastebilar. Ved enkelte mastepunkt, der det er vanskeleg tilkomst, blir mastestål frakta til etablert riggplass ved hjelp av helikopter. For kvart mastepunkt vil det etablerast eit sperra anleggsområde for riving av linene og masta. Alt anleggsarbeid i prosjektet er planlagt ferdig innan august 2021.

Straumforsyninga vil ikkje bli påverka i riveperioden. Trafikken både på riksveg 555 og på sidevegane under høgspentlina må stoppast under sprenginga. I tillegg til sprenging av liner og master, må bebuarar i området rekne med ein del støy frå helikopter og anleggsmaskiner i området.

Du kan lese meir om arbeidet på BKK sine heimeside