Den alternative løysinga omfattar endring knytt til kryssinga med ny hovudveg over Arefjordpollen på fylling og kort bru/kulvert i staden for lang bru som vist på opphaveleg planframlegg. Sjølve vegtraséen er ikkje endra.

Dette planframlegget vert sendt ut til ei avgrensa høyring direkte frå Fjell kommune til berørte grunneigarar og naboar og utvalde offentlege instansar med høyringsfrist 4. mars 2016.