­– I planleggingsarbeidet for Sykkelstamvegen ser vi nå at denne strekninga blir dyrare enn vi først tenkte. Når den blir så kostbar må vi ha såkalla ekstern kvalitetssikring, fortel prosjektleiar Matthew Millington.

Krav til ekstern kvalitetssikring (KS2) blei innført i år 2000 og går ut på at ein ekstern aktør går gjennom kostnader, usikkerheit og anna.

Prosjektet må deretter leggast fram som bevilgningssak i Stortinget. Kravet til KS2 gjeld for prosjekt på reguleringsplannivå med kostnadsoverslag over 750 millionar kroner, inkludert moms.

Millington forklarar at grunnerverv- og byggeprosessen ikkje kan starte før KS2 er ferdig.

- Vi jobbar nå med å samle nødvendig dokumentasjon, seier han. Men han trur ikkje at KS2 kjem til å forseinke prosjektet.