– Viss alt går etter planen kan vi starte bygging av første etappe etter påske 2017, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Kari Smådal Turøy.

Som ein del av Ryfast-utbygginga har vegvesenet allereie starta bygging av sykkelstamvegen heilt i nord, mellom Madlaveien og Schancheholen. Nå kjem første strekning som blir bygt utan å vere knytt til eit anna prosjekt.

– Vi startar med strekninga mellom Asser Jåttens vei og Løwenstrasse på Forus, ei strekning på cirka 3,5 kilometer, fortel prosjektleiaren.

Multiconsult har fått kontrakta for å lage byggeplanar og konkurransegrunnlag. Statens vegvesen gjer det same for alle bruer og undergangar på strekninga.

Strekninga mellom Asser Jåttens vei og Løwenstrasse er ein del av strekninga Sørmarka-Smeaheia, som for tida blir behandla av eksterne KS2-konsulentar (les gjerne meir om KS2-arbeidet her).

Prosjektet blir deretter lagt fram for Stortinget for bevilgning.