Politikarane må vedta planen før den truleg blir lagt til offentleg høyring i sommar.

Strekninga som nå er ferdig planlagt er 2,6 kilometer lang, og går mellom Schancheholen og Sørmarka i Stavanger.

‒ Gjennom Sørmarka har vi planlagt tunnel for syklistane, seier prosjektleiar Matthew Millington.

Millington fortel at strekninga som nå er ferdig planlagt er den med flest berørte naboar.

‒ Vi har jobba for å finne dei beste løysingane både for dei som skal sykle, og for dei som bur i områda der sykkelstamvegen kjem. Nå er vi svært nøgde med det vi har kome fram til, seier Millington.

Politisk behandling i juni

‒ Vi sendte planen til Stavanger kommune i går ettermiddag. Truleg blir den behandla politisk 18. juni, og lagt til offentleg høyring etterpå. Då håpar vi på endeleg vedtak mot slutten av 2015, seier Millington.

Sykkelstamvegen skal vere eit trafikksikkert tilbod, mellom anna til dei som reiser til og frå jobb på Forus. Vegen skal vere så attraktiv at dei reisande vel sykkel framfor bil på jobbreisa.

Bygginga av den første biten av sykkelstamvegen, mellom Madlaveien og Schancheholen er i gang, i samband med bygging av Ryfast.