- Nå startar vi med å bygge Sykkelstamvegen, og det første vi må gjere er å sikre anleggsområdet som grensar til E39 motorvegen og avkøyringane til E39, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Thor-Erik Varsi.

Nattarbeid for å sikre anleggsområdet

Følgande gjeld frå måndag kveld 10. september til fredag morgon 14. september:

  • Arbeid klokka 22:00-06:00
  • éitt felt stengt i sørgåande retning på motorvegen
  • fartsgrensa blir sett ned til 50 kilometer i timen

Nedsett fart på E39 i heile byggeperioden

- Vi er svært opptatt av at dei som jobbar så nær trafikken på E39 skal vere trygge. Difor må vi sette ned farten på motorvegen på strekninga der arbeidet kjem nærmast.

Følgande gjeld frå 11. september og så lenge anleggsarbeidet pågår:

  • E39 sørgåande retning
  • mellom Asser Jåttensvei og Solasplitten
  • fartsgrensa blir 70 kilometer i timen
  • så lenge arbeidet pågår
  • heile døgnet

Sykkelveg-strekninga mellom Asser Jåttensvei og Sandnes grense skal stå ferdig sommaren 2020.