I desember vedtok Sandnes kommune planane for strekninga mellom kommunegrensa og Smeaheia. Dermed er mesteparten av sykkelstamvegen vedtatt. Strekninga mellom Sørmarka og Smeaheia er ni kilometer.

- Dette er veldig kjekt! Nå ser eg fram til at vi snart kan bygge sykkelstamvegen, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Matthew Millington. Millington håpar på byggestart i 2016.

Delstrekningar

Sykkelstamvegen blir 13 kilometer lang, og går mellom Stavanger og Sandnes, via Forus. Planane for strekninga mellom Schancheholen og Sørmarka blir sendt til kommunen i mars. Strekninga lengst nord, fram til Madlaveien blir bygt som ein del av Ryfastprosjektet.

Den siste strekninga, frå Smeaheia til Oalsgata blir planlagt seinare.

Sjå kart over strekningane her.