- Det er eit godt produkt som vi trur vil vere greitt å montere, som ser fint ut og som også vil halde seg  etter mange år langs vegen, seier prosjektleiar Kari Smådal Turøy.

Vegen fram mot denne løysinga har vore annleis enn i vanlege kontraktar.

- I staden for at vi teikna eit rekkverk og fekk nokon til å produsere det, valde vi å invitere leverandørar til å utvikle den beste løysinga for oss, basert på skisser. Det har vore ein veldig god prosess der vi har drege nytte av leverandørane sin kompetanse, fortel Turøy.

Bedrifta Vik Ørsta AS vann kontrakten, og skal produsere rekkverket.

Kontrakten har ein verdi på rundt 10 millionar kroner og inneheld i underkant av 3000 meter rekkverk i første byggetrinn.

Det ligg også inne opsjonar slik at ein kan kjøpe rekkverk til heile Sykkelstamvegen,  til saman 8.500 meter rekkverk til cirka 30 millionar kroner.