Heile konkurransen gjeld strekninga mellom Asser Jåttensvei og Oalsgata.

- Vi har slått saman fleire av delstrekningane, slik at anbodskonkurransen nå gjeld for cirka sju kilometer, fortel prosjektleiar for Sykkelstamvegen, Kari Smådal Turøy.

Statens vegvesen håpar å starte bygging på den første delen, Asser Jåttensvei til Sandnes grense allereie i september, og vidare mellom Løwenstrasse-Smeaheia-Oalsgata i september 2019.

Dei som ønskjer å delta i konkurransen om å bygge Sykkelstamvegen må levere tilbod innan 5. juni.

Dette er Sykkelstamvegen

Sykkelstamvegen er eit av dei store prosjekta i Bypakke Nord-Jæren og blir til saman 15 kilometer lang. Den skal vere ein effektiv og trafikksikker veg for syklistar mellom Sandnes og Stavanger. Målet er at dei som reiser til og frå jobb i Forusområdet vel sykkel framfor bil.

Sykkelstamvegen er berre for syklistar, og skal ha

  • lite eller ingen kryssande trafikk
  • høg standard
  • god breidde
  • midtstripe

Les gjerne meir om Sykkelstamvegen her på vegvesen.no eller meir om Bypakken her.