I samband med at Statens vegvesen bygger Sykkelstamvegen skal entreprenøren legge nye vatn- og avløpsrøyr tett inntil brua. Då er det ikkje trygt å ha mjuke trafikantar gjennom anleggsområdet.

- Dei neste vekene kan dei som til vanleg går og syklar over E39 på Asser Jåttens vei bruke ei bru som er litt lenger sør, Sandgådå (sjå kart), seier prosjektleiar for Sykkelstamvegen, Kari Smådal Turøy.

Brua blir stengt i tre til fire veker.

Du finn oppdaterte meldingar om Sykkelstamvegen på Facebook. Følg oss gjerne!