Entreprenør Risa AS, som bygger Sykkelstamvegen langs E39 på Forus har støytt på fjell der dei skal legge røyr i bakken. Onsdag må entreprenøren difor sprenge fjellet.

- Vi må sprenge to gonger. Då må vi stoppe trafikken i begge retningar på E39, seier prosjektleiar for Sykkelstamvegen, Kari Smådal Turøy.

Sprenginga skjer rett nord for avkøyringa til Solasplitten, rundt klokka 10 og rundt klokka 13:30 onsdag. Europavegen blir stengt i 10 minutt kvar gong.

- Vi stenger på grunn av sikkerheit, og vi vel å gjere det midt på dagen, mens trafikken er minst, seier prosjektleiaren.

Bygginga av Sykkelstamvegen mellom Asser Jåttens vei og grensa til Sandnes starta i september. Strekninga skal vere ferdig sommaren 2020.