Reguleringa av Sykkelstamvegen er delt opp i 4 delstrekningar.

Madlaveien–Schancheholen

Strekninga frå Madlaveien til Schancheholen i Stavanger kommune er ein del av Ryfastprosjektet. Reguleringsplan vedtatt. Bygging starta i februar 2014, og strekninga opna for syklistar i februar 2019.

Schancheholen–Sørmarka

Statens vegvesen har utarbeidd framlegg til reguleringsplan for delstrekninga Schancheholen–Sørmarka i Stavanger kommune august 2015. Planen blei vedtatt 9. mai 2016.

Sørmarka–Smeaheia

Reguleringsplan for delstrekning Sørmarka–Forus i Stavanger kommune og Lura–Smeaheia i Sandnes kommune blei vedtatt i Sandnes i desember 2014, og i Stavanger 12. januar 2015.

Smeaheia–Oalsgata

Reguleringsplan for delstrekninga Smeaheia–Oalsgata i Sandnes kommune blei vedtatt i Sandnes bystyre 18. september 2017.