Søndag morgon blir det kolonnekøyring fram til kl. 07.00, i staden for kl. 06.00.

Same kveld blir tunnelane stengt ein time seinare enn vanleg, kl. 21.00.

Bakgrunnen for endringa er AaFK-kampen på Color Line Stadion søndag kveld.

- Saman med entreprenør AF Gruppen ønskjer vi å legge til rette for at fotballpublikum skal kome seg smidig heim etter kampen, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.