- Entreprenøren AF Gruppen har gjort ein god jobb og vil halde seg innanfor kontraktsfristen som er 1. mars. Det er noko restarbeid som står att, men dette vil bli utført på kveld og natt fram mot påske, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

Skal legge ny asfalt i mars/april

Ein av dei største jobbane som står att, er å legge ny asfalt og støype kantstein i den 3 844 meter lange tunnelen. Dette arbeidet skal etter planen utførast med kolonnekøyring på kveld og natt mellom 25. mars og 10. april.

- Frå laurdag 2. mars og fram til asfalteringsarbeidet startar måndag 25. mars planlegg vi å halde Godøytunnelen open gjennom heile døgnet så langt dette er mogleg. Det vil bli nokre netter med kolonnekøyring i løpet av denne perioden, men kor stort behovet blir er noko vi må kome tilbake til. Vi kjem til å varsle om stenging på førehand, seier Birkeland.

Når det vert behov for arbeid vil dette gå føre seg mellom kl. 19 og kl. 06. Trafikkavviklinga vil vere den same som før, med første kolonne frå Godøya kl. 19.00 og retur kl. 19.15 frå Giske. Dei siste kolonnene før tunnelen vert opna for fri ferdsel på dagtid er kl. 05.30 frå Godøya og kl. 05.45 frå Giske.

Tek atterhald om testresultat

Statens vegvesen og entreprenøren jobbar i desse dagar med å få på plass dei siste leveransane.

I løpet av denne veka, fram mot 1. mars, vert det også testing av dei nye systema i Godøytunnelen i samarbeid med Vegtrafikksentralen.

-  Dette blir ein avgjerande test, for å sjå om dei nye tryggleiks- og styringssystema fungerer slik dei skal. Vi er avhengige av grønt lys på dette for å kunne halde fristen på 1. mars, seier Birkeland.

Utbetringsarbeidet i Godøytunnelen vert gjort på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Hald deg oppdatert via Facebook og SMS

Statens vegvesen vil legge ut aktuell informasjon om endringar i trafikkavviklinga på Facebook: www.facebook.com/tunnelermr/

Vi varslar også om stenging per SMS. Denne varslinga er gratis. Meld deg på varslinga for Ellingsøy- og Valderøytunnelen ved å sende ein SMS med ÅLESUNDSTUNNELENE START til 2252. Meld deg på varslinga for Godøytunnelen ved å sende ein SMS med GODØYTUNNELEN START til 2252.

Når det kjem til utbetringsarbeidet i Ellingsøy- og Valderøytunnelen, er begge tunnelane er i rute til å bli ferdige i slutten av mars.