Frå same dato og tidspunkt vert det også slutt for brøytinga av omkøyringsvegen for personbilar gjennom Aldalen. Det blir inga brøyting av denne vegen etter nyttår.

Arbeidet i Rotsethorntunnelen vil starte opp att 2. januar kl. 19.00.

- Frå 2. januar vert tunnelen kvelds- og nattestengt igjen med kolonnar til faste tidspunkt. I helgane blir det fri ferdsel frå laurdag kl. 07 til søndag kl. 21, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Slik blir trafikkavviklinga frå 2. januar 2019

Frå Volda

Mot Volda (frå Homberset)

Kl. 19.20

Kl. 19.40

Kl. 20.20

Kl. 20.40

Kl. 21.20

Kl. 21.40

Kl. 22.20

Kl. 22.40

Kl. 00.20

Kl. 00.40

Kl. 02.10

Kl. 02.30

Kl. 04.30

Kl. 04.50

Kl. 05.45

Kl. 06.05

Kl. 06.30

Kl. 06.45

Varslar med SMS

Viss det blir endringar i trafikkavviklinga i tunnelen på kveld og natt vil Statens vegvesen sende ut ein SMS. Varslinga er gratis og ein melder seg på ved å sende ein SMS med ROTSETHORN START til 2252 (gratis).

Pussast opp for nesten 100 millionar

Rotsethorntunnelen skal blant anna få betre lys, brannventilasjon, to nye havarinisjar med tekniske bygg og fleire naudskap.

Prosjektet har også si eiga facebookside der ein kan få svar på det ein lurar på. Besøk oss på  facebook.com/tunnelermr