Tidlegare har grensa vore 30 bilar.

- Bakgrunnen for dette er ei samla HMS-vurdering for den aktiviteten som er i tunnelen fram til jul, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Sjølv om grensa er heva frå 30 til 45 bilar fram til jul oppfordrar vi fortsatt alle som kan til å bruke kollektivtilbodet med hurtigbåt og buss. 

- I utgangspunktet hevar vi grensa kun fram til jul. I januar vil vi ta ein ny HMS-vurdering i tunnelen, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Godøytunnelen utbetrast fram til april 2019. Det er eit øvre tak på kor mange bilar som får vere med i kolonnane for å ivareta arbeidsmiljøet og sikkerheita til dei som arbeider i tunnelen. Kravet til luftkvalitet for arbeidarane i tunnelen er svært strengt. Vanlege maskar stopper ikkje gass eller forureining frå eksos. Då måtte arbeidarane brukt store maskar med frisklufttilførsel, og det går ikkje i praksis.