Utbetringsarbeidet er i stor grad ferdigstilt, og dermed vert også kolonnekøyringa til faste tidspunkt på kveld og natt avslutta.

- Vi har stor forståing for at det ikkje har vore enkelt med lange ventetider for å køyre gjennom Rotsethorntunnelen på kveld og natt, men arbeidet som er gjort har vore nødvendig. Tunnelen er allereie mykje sikrare enn tidligare. I løpet av det siste året har vi skifta ut store delar av det elektriske anlegget, og delar av tunnelen blir no overvaka av kamera med direkte kontakt til Vegtrafikksentralen. Det er også installert nye lys og evakueringslys, og det nye ventilasjonsanlegget har større kapasitet, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen.

Testing av dei nye systema i tunnelen vil føre til at det blir kortare periodar med kontinuerleg kolonnekøyring etter 31. august. Ventetida vil då vere maksimalt 20 minutt.

SMS-varslinga for Rotsethorntunnelen vert avslutta 31. august. For oppdaterte trafikkmeldingar, sjå 175.no.