- Dei ekstra kolonnane vil halde fram til utbetringsarbeidet i Godøytunnelen tek juleferie 21. desember, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland.

Det blir fri ferdsel i tunnelen frå 21. desember kl. 12.00 til 2. januar kl. 12.00.

Siste hurtigbåt før jul vil gå frå Godøya kl. 02.00 natt til laurdag 22. desember. Første avgang på nyåret vert tysdag 2. januar kl. 05.50 frå Godøya.