Tilbydar

Tilbodssum utan mva

BMO Entreprenør AS

100 085 371,00

K.A. Aurstad AS, BKK Enotek AS og Norsk Bergsikring AS

88 796 820,00

Mesta AS

105 934 498,63

One Nordic Kraftmontasje AS

114 409 345,00

- No skal vi kontrollrekne tilboda. Vi legg opp til å skrive kontrakt før sommarferien, fortel assisterande prosjektleder Arne Ola Stavseng.

Rotsethorntunnelen skal utbetrast for å heve sikkerheita i tunnelen.

- Arbeida er planlagt starta opp i månadsskiftet august/september i år og skal vere ferdig i løpet av juni 2019, fortel Arne Ola Stavseng.

Dette skal i hovudsak gjerast

  •      Det meste av det elektriske anlegget skal skiftast ut
  •      Sprenge to nisjar for tekniske bygg inne i tunnelen
  •      Bygge tekniske bygg inne i tunnelen
  •      Montere vannsikring i deler av tunnelen
  •      Etablere videoovervaking med direkte kontakt til Vegtrafikksentralen
  •      Montere nytt rekkverk i tunnelopningane
  •      Støype betongrekkverk der det manglar
  •      Montere trafoar i tekniske bygg inne i tunnelen og utanfor tunnelen
  •      Framføring av høgspent i samarbeid med Mørenett