- Den første veka etter påske blir det ferdigbefaringar med entreprenøren vår, samt noko restarbeid. Vi planlegg å starte i Ellingsøy- og Valderøytunnelen med kolonnekøyring i nokre få netter, før mannskapet går over til Godøytunnelen, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

I Ålesundstunnelane vil det no vere fri ferdsel til tysdag 23. april.

I Godøytunnelen held arbeidet fram til ca. kl. 20.00 i kveld, og deretter blir det fri ferdsel til torsdag 25. april.

- Vi kjem attende med meir detaljert informasjon om korleis trafikkavviklinga blir 2. påskedag, måndag 22. april, seier Birkeland.

Planlagde stengingar blir meldt gjennom SMS-varslinga, samt lagt ut på Facebooksida til prosjektet. Sjå også vegvesen.no/trafikk for oppdaterte vegmeldingar.