Ca. 170 personar hadde tatt turen for å høyre meir om den planlagde utbetringa av Godøytunnelen. Dei fleste kom frå Godøya, men det var også fleire som kom frå Giske.

Ordførar Harry Valderhaug ønska velkommen før Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune orienterte om korleis arbeidet er tenkt gjennomført. Prosjektleiar Ole Kristian Birkeland bad brukarane av tunnelen om å vere forberedt på ei trasig periode. Godøytunnelen skal utbetrast frå hausten 2017 til våren 2019. Resultatet blir ein tryggare og lysare tunnel.

- Det blir som å pusse opp eit hus der bare reisverk og golv står att, fortalte prosjektleiar Ole Kristian Birkeland.

For å utnytte mest mulig av døgnet legg Statens vegvesen opp til å jobbe 20 timar i døgnet. Tunnelen blir aldri heilt open for fri ferdsel. Det er planlagt kolonnekøyring til faste tidspunkt og hurtigbåt med bussforbindelse. Detaljane for rutetilbodet er ikkje avklart, for Vegvesenet og fylkeskommunen ønsker medverknadsplanlegging. Planlegginga vil ta utgangspunkt i ei reisevaneundersøking og innspel frå publikum. I tillegg blir nærmiljøutvalet befolkninga sitt talerøyr inn i planlegginga.

Parkering, fleire kolonnar, seinare kolonnar, ferje, bussforbindelse og frekvens på hurtigbåt var fleire av tilbakemeldingane frå dei frammøtte. Både Vegvesenet og Fylkeskommunen ønskjer gjere mykje for at brukarane skal få minst mulig problem, men det er både praktiske og økonomiske begrensningar. Dei frammøtte var i hovudsak positive og glad for at tunnelen no skal utbetrast.

Når svara frå spørjeundersøkinga kjem inn skal Vegvesenet og Fylkeskommunen lage eit forslag til trafikkavvikling saman med nærmiljøutvalet.

Godøytunnelen er ein av fleire tunnelar som skal utbetrast for å heve sikkerheita. Tunnelen er 3 844m lang og undersjøisk.