Rotsethorntunnelen vil vere nattestengd med kolonnekøyring fram til laurdag 6. juli kl. 07.00.

Frå laurdag 6. juli kl. 07.00 til måndag 5. august kl. 19.00 vil tunnelen vere open for fri ferdsel.

Frå måndag 5. august kl. 19.00 til 31. august vil det pågå arbeid i Rotsethorntunnelen med nattestenging og kolonnekøyring.

- Vi tek sikte på ferdigstilling av arbeidet i slutten av august, og at kolonnekøyringa på natt då vil vere avslutta, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen.