I samband med renovering av Godøytunnelen frå hausten 2017 til våren 2019 er det planlagd kolonnekøyring og persontransport med buss og hurtigbåt. Det er ønskelig at så mange som muleg nyttar kolektivtransport slik at det vert minst muleg køyring i tunnelen. Det er laga forslag til kolonnetidspunkt og rutetider for buss og hurtigbåt, sjå dokumenta på Giske kommune sin heimeside: https://www.giske.kommune.no/aktuelt/rutetider-og-kolonnetider-for-godoya-fra-hausten-2017-hoyring-frist-6-februar.23304.aspx

Forslaga bygger på brukarundersøkinga som var i november i fjor. Høyringsfristen for innspel til rutetidene vert sett til måndag 6.februar. Giske kommunestyre skal behandle saka 9.februar og kommunen har frist til 13.februar med å gi tilbakemelding til fylkeskommunen.

Merknadar merkast med: sak 16/814 og sendast: post@giske.kommune.no