Som eit utgangspunkt for ein god dialog vil det bli orientert om den planlagde utbetringa av Godøytunnelen og korleis arbeidet så langt er tenkt gjennomført.

Godøytunnelen skal utbetrast frå hausten 2017 til våren 2019 for å heve brannsikkerhet og redusere risikoen for trafikkulykker. Statens vegvesen skal utbetre tunnelen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkestinget vedtok i juni å utbetre Godøytunnelen for 360 millionar kroner.

Godøytunnelen får:

● Helt nytt elektroteknisk utstyr.

●Ny vann- og frostsikring i 70-80% av tunnelen.

●Havarinisjer og snunisje.

●Nye større tekniske bygg, med nye trafoar

●Kameraovervaking (AID) og betre belysning.

●Gjennomgåande betongrekkverk gjennom heile tunnelen.

Ønskjer innspel om reisevaner
Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer informasjon om reisevanane til dei som brukar Godøytunnelen. Dette gjer vi for å planlegge ei best mulig trafikkavvikling mens tunnelen utbetrast. Etter informasjonsmøtet vil vi sende ut ei spørjeundersøking for å kartlegge reisevanane.