Frist for å levere tilbod er 8. mai.

Rotsethorntunnelen i Volda skal utbetrast for å heve sikkerheita i tunnelen.

- Arbeidet startar opp i august i år og skal vere ferdig i løpet av juni 2019, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Trafikkavvikling

Tunnelen blir stengt med kolonnekjøring frå kl. 19-07. Entreprenøren skal arbeide seks dagar i veka, frå laurdag kl. 07.00 til søndag kl. 21.00 blir det fri ferdsel i tunnelen.

Frå Volda

Frå Homberset

Kl. 19.20

Kl. 19.40

Kl. 20.20

Kl. 20.40

Kl. 21.20

Kl. 21.40

Kl. 22.20

Kl. 22.40

Kl. 23.00-04.30: heilt stengt

Kl. 04.30

Kl. 04.50

Kl. 05.45

Kl. 06.05

Kl. 06.30

Kl. 06.45

 

Kolonnar på natt frå 1. desember

Frå 1. desember blir det kolonnar på natt frå kl. 23.00-04.30.

Dette skal gjerast:

  • Det meste av det elektriske anlegget skal skiftast ut
  • Sprenge to nisjar for tekniske bygg inne i tunnelen
  • Bygge tekniske bygg inne i tunnelen
  • Montere vannsikring i deler av tunnelen
  • Etablere videoovervaking med direkte kontakt til Vegtrafikksentralen
  • Montere nytt rekkverk i tunnelopningane
  • Støype betongrekkverk der det manglar
  • Montere trafoar i tekniske bygg inne i tunnelen og utanfor tunnelen
  • Framføring av høgspent i samarbeid med Mørenett