Vegoppmerkinga tysdag kveld vil gå føre seg mellom kl. 19.00 og 06.00. Trafikken gjennom tunnelen vil bli avvikla med kolonnekøyring til faste tidspunkt.

Deretter blir det fri ferdsel onsdag kveld/natt til torsdag, før ferdigstilling av utbetringsarbeidet og ferdigbefaringane startar opp torsdag kveld. I samband med dette blir Godøytunnelen stengd med kolonnekøyring til følgjande tider:

  • Torsdag 25. april: Kl. 20.00-05.30
  • Fredag 26. april: Kl. 20.00-05.30
  • Laurdag 27. april: Kl. 20.00-05.30
  • Søndag 28. april: Kl. 20.00-05.30
  • Måndag 29. april: Kl. 23.00-05.30

Også desse dagane blir trafikken avvikla med kolonnekøyring til faste tidspunkt. Du kan sjå oversikta her.

Har frist 1. mai

- Vi seier oss leie for at det blir fleire netter med kolonnekøyring i Godøytunnelen denne veka, men vi må gjere det på denne måten for å bli ferdige innan overleveringsfristen 1. mai, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.

I samarbeid med entreprenøren vil Statens vegvesen gjennomføre ferdigbefaringar i alle tekniske bygg og i områda rundt tunnelinngangane på dagtid.

- Dette gjeld og i Ellingsøy- og Valderøytunnelen. På denne måten reduserer vi behovet for å måtte stenge tunnelane med kolonnekøyring. Trafikantane vil merke lite eller ingenting av befaringane på dagtid, seier Birkeland.