Hjartåbergtunnelen vil vere stengd med kolonnekøyring følgjande kveldar og netter:

  • Frå måndag 13. mai til torsdag 16. mai, mellom kl. 19.00 og 07.00
  • Søndag 19. mai, mellom kl. 21.00 og 07.00
  • Frå måndag 20. mai til fredag 24. mai, mellom kl. 19.00 og 07.00

Trafikken vil i hovudsak bli avvikla til faste tidspunkt, og kolonnetidene vil vere dei same som i Rotsethorntunnelen.

- For dei som bur i Hjartåbygda blir det i tillegg utført kolonnekøyring gjennom Hjartåbergtunnelen etter behov. Ein må likevel rekne med litt ventetid, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen.

Trafikantane som skal til eller frå Hjartåbygda kan også henge seg på gjennomgåande kolonnar frå Volda eller frå rasteplassen ved Hjartåelva. Trafikken vil bli dirigert i krysset til Hjartåbygda. 

Frå Volda

Mot Volda (frå rasteplassen ved Hjartåelva)

Kl. 19.20

Kl. 19.40

Kl. 20.20

Kl. 20.40

Kl. 21.20

Kl. 21.40

Kl. 22.20

Kl. 22.40

Kl. 00.20

Kl. 00.40

Kl. 02.10

Kl. 02.30

Kl. 04.30

Kl. 04.50

Kl. 05.45

Kl. 06.05

Kl. 06.30

Kl. 06.45

Arbeidet i Rotsethorntunnelen vil gå føre seg som normalt i denne perioden.

Dei dagane då både Rotsethorn- og Hjartåbergtunnelen er stengd, vil kolonnane mot Volda gå frå rasteplassen ved Hjartåelva og ikkje frå Homberset.

Naudetatane må bruke tidlegare oppgitt vakttelefon som gjeld Rotsethorntunnelen.