Tunnelen skal bli tryggare og blir kvar kveld og natt, utanom laurdag, stengt med kolonnekøyring mellom kl. 19 og 07. Frå laurdag kl. 07 til søndag kl. 21 kan man køyre fritt gjennom tunnelen.

- Det er dessverre ikkje mogleg å utbetre tunnelen utan å hefte trafikantane. Dei må tilpasse seg kolonnane til faste tidspunkt eller køyre andre veger, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Slik blir trafikkavviklinga

Frå Volda

Mot Volda

Kl. 19.20

Kl. 19.40

Kl. 20.20

Kl. 20.40

Kl. 21.20

Kl. 21.40

Kl. 22.20

Kl. 22.40

Kl. 23.00-04.30: heilt stengt

Kl. 04.30

Kl. 04.50

Kl. 05.45

Kl. 06.05

Kl. 06.30

Kl. 06.45


Nødetatar og andre under utrykking får sleppe gjennom tunnelen. Viss du må til legevakt/sjukehus når tunnelen er stengt må du ta kontakt med legevakt/AMK. Dei avgjer korleis du skal komme deg dit og har kontakt med dei i tunnelen.

Heilt stengt på natt fram til desember
- I løpet av desember skal vi gjere ferdig det tunge arbeidet i tunnelen, som sprenging og sprøyting av betong, fortel prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Tunnelen blir derfor heilt stengt på natt frå kl. 23.00-04.30. I løpet av desember blir det to ekstra kolonnar på natt, kl. 00.20 og 02.10 frå Volda og kl. 00.40 og 02.30 mot Volda.

Personbilar kan køyre Aldalen
Den kommunale vegen gjennom Aldalen kan nyttast av personbilar. Frå E39 Austefjorden må man ta av mot Vatne. Frå Ørsta køyrer man fylkesveg 655 mot Sæbø og tar av mot Hunnes etter 10 kilometer. Total køyrelengde mellom Ørsta og Hunnes er ca. 20 kilometer.

Varslar med SMS
Viss det blir endringar i trafikkavviklinga i tunnelen på kveld og natt vil Statens vegvesen sende ut ein SMS. Varslinga er gratis og ein melder seg på ved å sende ein SMS med ROTSETHORN START til 2252 (gratis).

Pussast opp for nesten 100 millionar
Rotsethorntunnelen skal blant anna få betre lys, brannventilasjon, to nye havarinisjar med tekniske bygg og fleire naudskap.

Det er arbeidsfellesskapet K. A. Aurstad, BKK Enotek AS og Norsk Bergsikring AS som skal utbetre tunnelen. Kontrakten er på ca. 89 millionar kroner.

Prosjektet har også si eiga facebookside der ein kan få svar på det ein lurar på. Besøk oss på  facebook.com/tunnelermr