Bakgrunnen er at alle riksvegtunnelar over 500m må utbetrast for å oppfylle Tunnelsikkerhetsforskrifta. Tiltaka som skal gjennomførast skal redusere trafikkulykkene og heve brannsikkerheita. Kva som skal gjerast i dei forskjellige tunnelane og når varierer, men det som er felles er at det vil bli ulemper for trafikantane.

For å få innspel på kva som er viktig å ta omsyn til når ein skal planlegge trafikkavviklinga inviterte Vegvesenet relevante aktørar til eit møte tysdag 21.juni. Hensikta med møtet var å etablere ei gruppe som kan ha jamlege møter og kontakt for å gjennomføre anleggsarbeida med minst mulig heft for trafikantane.

Prosjektleiar Ole Kristian Birkeland informerte om framdriftsplan og kva som skal gjerast i dei forskjellige tunnelane.

Tunnelane som skal utbetrast er:

  • E39 Blindheimstunnelen og Moatunnelen: planlagt utbetra frå hausten 2016 til hausten 2017.
  • E136 Hatlaåstunnelen: planlagt utbetra i skuleferien, med heilt stengt tunnel i 10-12 veker frå juni 2017- august 2017.
  • Rv. 658 Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen: planlagt utbetra frå hausten 2017 til hausten 2018.
  • Fv. 658 Godøytunnelen: planlagt utbetra frå hausten 2017 til våren 2019.
  • E39 Rotsethorntunnelen: planlagt utbetra frå våren 2017 til våren 2018.

I tillegg skal Gyltunnelen på rv.70 i Tingvoll kommune utbetrast i 2017, og Innfjordtunnelen og Måndalstunnelen på europaveg 136 frå august 2016 til mai 2018.

Trafikkavviklinga for dei sju tunnelane på Sunnmøre er ikkje avklart enda, men Vegvesenet la fram eit forslag på møtet tysdag. Dei som deltok på møtet var Ålesund og Giske kommunar, naudetatane, Avinor, Visit Ålesund og Norges Lastebileierforbund. Vegvesenet fekk mange gode innspel som blir med vidare i planlegginga. Naudetatane var blant anna opptatt av å få informasjon om når det blir arbeid i tunnelane som gjer det vanskelig å passere ved utrykking, mens reiselivsnæringa var opptatt av å ha forutsigbarheit i trafikkavviklinga. Prosjektleiar Ole Kristian Birkeland ønskte blant anna innspel på om kva dei tenkte om samtidigheit i arbeida.

- Skal ein gjere mest mogleg samtidig og bli kjappast mogleg ferdig, eller skal ein strekke det ut i tid for å gjere det litt enklare for trafikantane mens det blir arbeid i tunnelane? spurte Birkeland.

Det kom blant anna forslag om å ta Godøytunnelen og Ellingsøytunnelen samtidig, og fortsette med Valderøytunnelen når arbeidet nærmar seg slutten i Ellingsøytunnelen. Vegvesenet skal saman med dei tre kommunane, naudetater, reiseliv- og transportnæringa og trafikantane fortsette planlegginga for å minske ulempene mens tunnelane utbetrast.