- Den neste månaden skal vi sprøyte betong på vegger og tak i Godøytunnelen heile døgnet. Hittil har vi bare gjort dette på kveld og natt, men framover blir det også på dagtid. Sjølv om vi ryddar før kvar kolonne er det fortsatt eit anleggsområde. Det er trivelegare å ta hurtigbåten, seier prosjektleder Ole Kristian Birkeland.

Det er fortsatt trygt å køyre gjennom tunnelen, men det blir meir skittent sidan det blir sprøyting av betong heile døgnet.

Hurtigbåten bruker bare eit kvarter mellom Godøya og Ålesund sentrum. Du kan reise vidare med buss på same billett.

- Vi forstår at ikkje alle kan ta hurtigbåt, men vi håper dei som ikkje er avhengig av bil kan gi båten ein sjanse, seier prosjektleder Ole Kristian Birkeland.

Det blir tre endringar i rutetilbodet for hurtigbåten frå 1. september.

  • Avgangen kl. 09.50 frå Godøya på laurdagar flyttas til kl. 09.30. Det er eit ønske frå dei som startar på jobb kl. 10 i Ålesund sentrum
  • Hurtigbåten vil ikkje lenger gå heilt til Alnes, det var bare i sommar.
  • Avgangen kl. 23.15 frå Ålesund sentrum utsettast til kl. 23.35.

FRAM melder at det også blir fleire justeringar av busstilbodet på Giske og Godøya frå same dato. Sjå www.frammr.no eller reiseplanleggaren i FRAM-appen for oppdaterte rutetider.

Godøytunnelen utbetrast fram til april 2019 for å heve sikkerheita i tunnelen. Statens vegvesen utbetrar tunnelen på oppdrag for Møre og Romsdal fylkeskommune.