- Avtalen gjeld brøyting frå i dag, 21. desember, og fram til våren 2019. Volda kommune har som vegeigar alt ansvar for vegen med tanke på skredfare og eventuell stenging, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen.

Den kommunale vegen gjennom Aldalen fungerer som omkøyringsveg for personbilar når det er kolonnekøyring i Rotsethorntunnelen.

- Spleiseavtalen vil føre til at kvardagen blir enklare for dei som bur langs fjorden. Det er mange som har kveldsaktiviteter i Volda, og når Aldalen er open blir det enklare for dei å kome seg heim til ei fornuftig tid når vi jobbar i tunnelen, seier Stavseng.

I samband med jul- og nyttår vil Rotsethorntunnelen vere open for fri ferdsel fram til 2. januar kl. 19.