Frå september til juni 2019 skal tunnelen utbetrast for å heve sikkerheita i tunnelen.

- Det er dessverre ikkje mogleg å gjennomføre utbetringa utan at det får konsekvensar for trafikantane, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Kolonnekøyring på kveld og natt
Kvar kveld og natt, utanom laurdag, blir Rotsethorntunnelen stengt mellom kl. 19 og 07 med kolonnekøyring til faste tidspunkt. Tunnelen blir open for fri ferdsel på helg frå laurdag kl. 07 til søndag kl. 21.

Heilt stengt på natt
Fram til starten av desember blir tunnelen heilt stengt på natt mellom kl. 23.00 og 04.30. Da skal entreprenøren gjere tungt anleggsarbeid som sprenging og sprøyting av betong på veggar og tak.

Inviterer til informasjonsmøte
Statens vegvesen inviterer til informasjonsmøte måndag 27. august kl. 18-20 i Hjartåbygda Grendahus.

-     Vi vil informere om trafikkavviklinga, arbeidet i tunnelen og rutinar for å sleppe gjennom naudetatar og andre når det står om liv og helse. Det blir også mogligheit til å stille spørsmål og få svar på det man lurer på. Vi håper mange tek turen, seier assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng.