Godøytunnelen vil vere stengd med kolonnekøyring til faste tidspunkt kvar kveld og natt mellom kl. 21.00 og 05.30 frå måndag 20. mai til søndag 26. mai.

Trafikkavvikling når tunnelen er stengd
Frå GodøyaFrå Giske
Kl. 21.00Kl. 21.15
Kl. 22.00Kl. 22.15
Kl. 22.30Kl. 22.45
Kl. 23.00Kl. 23.15
Kl. 00.00Kl. 00.15
Kl. 01.00Kl. 01.15
Kl. 02.00Kl. 02.15
Kl. 03.00Kl. 03.15
Kl. 04.30Kl. 04.45
Kl. 05.00Kl. 05.15


Kart, Ellingsøy-, Valderøy- og Godøytunnelen

Hald deg oppdatert

  • Statens vegvesen vil legge ut aktuell informasjon om endringar i trafikkavviklinga på Facebook: www.facebook.com/tunnelermr/
  • Vi varslar om planlagde stengingar gjennom SMS-varslinga.
  • Sjå også vegvesen.no/trafikk for oppdaterte trafikkmeldingar.

Nødetater slepp gjennom tunnelen

Nødetatar slepp gjennom tunnelen når dei har utrykking. Ta kontakt med legevakt/AMK om du må til lege/sykehus når tunnelen er stengd. Dei avgjer korleis du skal komme deg til sjukehus/legevakt.

Dette skal gjerast

Tunnelen blei opna i 1989 og treng oppussing. Statens vegvesen utbetrar tunnelen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

  • Ny vass- og frostsikring som brannsikrast med betong
  • Ny asfalt og betongrekkverk gjennom heile tunnelen
  • Nytt lys
  • Ny og kraftig brannventilasjon
  • Nye og fleire nødstasjonar med telefon og brannsløkkingsapparat
  • To nye havarinisjar og ei snunisje for store bilar
  • Kameraovervaking i heile tunnelen. Dette inneber at Vegtrafikksentralen kan følgje med på tunnelen heile døgnet og sette i verk tiltak om det skulle skje noko.