Godøytunnelen blir utbetra fram til påske i 2019. Etter fredag 1. mars vil tunnelen vere open på dagtid og i periodar bli stengd med kolonnekøyring på kveld og natt mellom kl. 18 og kl. 06.

  • Godøytunnelen blir stengd med kolonnekøyring mellom kl. 18 og 06 frå måndag 18. mars til fredag 22. mars. Frå fredag kl. 06.00 blir det fri ferdsel fram til måndag 25. mars.

Arbeidstida i tunnelen er endra frå kl. 19-06 til kl. 18-06. I løpet av den første timen mellom kl. 18 og 19 blir det kontinuerleg kolonnekøyring.

Trafikkavvikling frå kl. 19.00
 Frå Godøya Frå Giske
 Kl. 19.00 Kl. 19.15
 Kl. 19.30 Kl. 19.45
 Kl. 20.00 Kl. 20.15
 Kl. 20.30 Kl. 20.45
 Kl. 21.00 Kl. 21.15
 Kl. 22.00 Kl. 22.15
 Kl. 22.30 Kl. 22.45
 Kl. 23.00 Kl. 23.15
Kl. 00.00Kl. 00.15
Kl. 01.00Kl. 01.15
Kl. 02.00Kl. 02.15
Kl. 03.00Kl. 03.15
Kl. 04.30Kl. 04.45
Kl. 05.30Kl. 05.45

Kart, Ellingsøy-, Valderøy- og Godøytunnelen

Det er lagt opp til korrespondanse med kolonnene gjennom Ålesundstunnelane om natta. Du kan sjå kolonnetidene for Ellingsøy- og Valderøytunnelen her.

Hald deg oppdatert

Tunnelen kan bli stengd på kveld og natt fram til måndag 25. mars, men dette vil bli varsla på førehand.

Det blir etter planen kolonnekøyring på kveld og natt mellom 25. mars og 10. april i samband med asfaltering og støyping av kantstein.

  • Statens vegvesen vil legge ut aktuell informasjon om endringar i trafikkavviklinga på Facebook: www.facebook.com/tunnelermr/
  • Vi varslar også om stenging per SMS. Denne varslinga er gratis. Meld deg på varslinga for Ellingsøy- og Valderøytunnelen ved å sende ein SMS med ÅLESUNDSTUNNELENE START til 2252. Meld deg på varslinga for Godøytunnelen ved å sende ein SMS med GODØYTUNNELEN START til 2252.

Nødetater slepp gjennom tunnelen

Nødetatar slepp gjennom tunnelen når dei har utrykking. Ta kontakt med legevakt/AMK om du må til lege/sykehus når tunnelen er stengd. Dei avgjer korleis du skal komme deg til sjukehus/legevakt.

Dette skal gjerast

Tunnelen blei opna i 1989 og treng oppussing. Statens vegvesen utbetrar tunnelen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

  • Ny vann- og frostsikring som brannsikrast med betong
  • Ny asfalt
  • Nytt lys
  • Ny og kraftig brannventilasjon
  • Nye og fleire nødstasjonar med telefon og brannsløkkingsapparat
  • To nye havarinisjar og ei snunisje for store bilar
  • Kameraovervaking i heile tunnelen. Dette inneber at Vegtrafikksentralen kan følgje med på tunnelen heile døgnet og sette i verk tiltak om det skulle skje noko. Det blir også betongrekkverk gjennom heile tunnelen.