Rotsethorntunnelen skal utbetrast frå september 2018 til juni 2019.

Trafikkavvikling

Kvar kveld og natt, utanom laurdag, blir Rotsethorntunnelen stengt mellom kl. 19 og 07 med kolonnekøyring til faste tidspunkt. Tunnelen blir open for fri ferdsel på helg frå laurdag kl. 07 til søndag kl. 21.

Frå Volda

Frå Homberset (mot Volda)

Kl. 19.20

Kl. 19.40

Kl. 20.20

Kl. 20.40

Kl. 21.20

Kl. 21.40

Kl. 22.20

Kl. 22.40

Kl. 23.00-04.30: heilt stengt

Kl. 04.30

Kl. 04.50

Kl. 05.45

Kl. 06.05

Kl. 06.30

Kl. 06.45

Kolonnar på natt frå starten av desember

Frå starten av desember blir det to ekstra kolonnar på natt mellom kl. 23.00 og 04.30.

Personbilar kan køyre Aldalen

Den kommunale vegen gjennom Aldalen kan nyttast av personbilar. Frå E39 Austefjorden må man ta av mot Vatne. Frå Ørsta køyrer man fylkesveg 655 mot Sæbø og tar av mot Hunnes etter 10 kilometer. Total køyrelengde mellom Ørsta og Hunnes er ca. 20 kilometer.

Nødetatar slepp gjennom tunnelen

Nødetatane slepp gjennom tunnelen når dei har utrykking. Ta kontakt med legevakt/AMK om du må til lege/sjukehus når tunnelen er stengt. Dei avgjer korleis du skal komme deg til lege/sjukehus.

SMS-varsling

Viss det blir endringar i trafikkavviklinga i tunnelen sender vi ut ein SMS. Varslinga er gratis. Meld deg på varslinga ved å sende ein SMS med ROTSETHORN START til 2252. 

Fri ferdsel i feriar

  • Jul: frå 21. desember 2018 kl. 07 til 2. januar 2019 kl. 19.00.
  • Påske: Frå 17. april kl. 07 til 23. april kl. 19.

Dette skal gjerast:

  • Det meste av det elektriske anlegget skal skiftast ut
  • Sprenge to nisjar for havarilomme og teknisk bygg inne i tunnelen
  • Bygge tekniske bygg
  • Montere vannsikring i deler av tunnelen
  • Etablere videoovervaking med direkte kontakt til Vegtrafikksentralen
  • Montere nytt rekkverk i tunnelopningane
  • Støype betongrekkverk der det manglar
  • Montere trafoar i tekniske bygg
  • Framføring av høgspent i samarbeid med Mørenett