Skjeringa ved Geiteskaret er opp mot 60 meter på sitt høgaste.Fjellveggen går steilt nesten loddrett opp frå grøftekanten. Her gjekk det eit ras for kort tid sidan.

Reinskar manuelt

 - Fordi vi allereie har stengt vegen vil vi nytte høvet til å sikre denne skjeringa, opplyser prosjektleiar Ingmar Ulvenes i Statens vegvesen.

Sikringa vil halde på heilt til vegen blir opna igjen 1. desember, men fordi skjeringa er så stor, vil arbeidet fortsetje etter at vegen blir stengd igjen 6. januar. Det gamle sikringsnettet skal fjernast og erstattast med nytt. Det er også nødvendig å reinske fjellet manuelt for laus stein.

- Til dette arbeidet bruker vi ei spesialkran med plattform som rekkjer opp til 6o meter opp. På plattforma er det montert borerigg, slik at vi også kan sikre fjellet med boltar, forklarer byggjeleiar Ingar Reinskås.

Ferdig rive

 I Sjøormporten er no alt gammalt utstyr fjerna, det same med vatn- og frostsikringa gjennom heile tunnelen.  Sidan vegen blei stengd 23. september har fjellet blitt reinska for potensielt løyse steinar. Til saman er det sat inn 1 200 boltar som sikrar at fjellet held saman. Boltane er tre og fire meter lange.

Etter boltinga er fjellet sikra ekstra med ein eige-ti centimeter tjukke lag med betong som er sprutt på gjennom heile tunnelen.

- No monterer vi frost- og vasssikring.  Dette er store skumplater som dekkjer heile kvelvinga.  Når desse er monterte, vil vi dekkje platene med åtte centimeter betong som brannsikring og avstiving, fortset byggjeleiaren.

 DAB og mobil

 Før betongen vert sprøyta på, blir det montert opp store armeringsmattar av jarn.  Arbeidet ligg no godt i rute til at det nye elektriske utstyret kan monterast i november og vegen opnast til 1. desember.

Når tunnelen blir opna vil alt det vere full DAB-radio og mobiltelefon-dekning i tunnelen.