Mai 2018 startar arbeida med å rehabilitere Fånefjelltunnelen på riksveg 9 i Bygland. Tunnelen blir helt stengd i perioden frå og med måndag 27. august til og med torsdag 27. september. Utanom dette må det påreknas periodar med stengt tunnel på nattestid. I stengningsperioda blir det omkøyring på fylkesveg 304 mellom Byglandsfjord og Storestraum.

Før stenginga 27. august skal det gjerast ein del arbeid utanfor tunnelen. Behov for tiltak på omkøyringsvegen, fylkesveg 304, på vestsida av Byglandsfjord blir vurdert nærmare til våren. Lette køyrety kan køyre som normalt på omkøyringsvegen, mens det blir kolonnekøyring med leiebil for tunge køyrety. Trafikkmengda i Fånefjell er på rundt 1600 køyrety døgnet.

Arbeida som skal utførast i Fånefjelltunnelen

  • All tryggingsutrusting skal skiftast ut. Tunnelen får ny belysning, nødsamband, brannslukningsapparat, nødtelefonar og ny og betre samanheng til Vegtrafikksentralen. Det skal byggjast nytt overvatnsanlegg inne i tunnelen, samt reinseanlegg for vaskevatn utanfor tunnelen.

  • Det skal forbetringar av dagens vatn- og frostsikring for å unngå drypp og isdanningar inne i tunnelen.

  • Det skal byggjast nytt nødfortau gjennom heile tunnelen.

  • Det skal setjast opp eit nytt teknisk bygg på sørsida av tunnelen.

  • Det skal gjerats utvidingar av fjellskjæringa nord for tunnelen for å betre siktforholda på staden.

  • Det blir tilrettelagt for parkering litt sør for tunnelen i samanheng med turstien over tunnelen.

  • Det skal bli eige system for gåande og syklande som kan trykkje på ein knapp som skrur på eit skilt som varslar bilistane om at det er gåande og syklande i tunnelen

Når Fånefjelltunnelen blir stengd blir det arbeidt heile døgnet. Arbeida på staden skal vere heilt ferdig i løpet av november 2018.

Anleggsperioda er delt i fire fasar: 

Fase 1: mai månad - 5. juli 2018

  •  Vegen kan stengjast helt i inntil ein time: kl. 11.00 - 12.00 og 20.00 - 21.00.
  • Personbilar blir leidde i denne perioden over på omkøyringsveg og store køyrety må vente. 

Fase 2: 6. – 29. juli (fellesferien) og 30. juli - 26. august 2018

  •  Ingen arbeider som hindrar trafikk langs rv. 9. Begge køyrefelt opne. 

Fase 3 : 27. august - 27. september 2018 

  • Tunnelen blir heilstengt for trafikk og all trafikken blir lagt over på omkøyringsveg fv.304/305.
  • Store køyrety skal følgjast med leiebil på omkøyrings-vegen.
  • Einskilde skulebussar blir slopne igjennom tunnelen på morgonen og ettermiddagen, blir då følgt av leiebil gjennom tunnelen. 

Fase 4: 27. september - 25. november 2018 

  • På dagtid 06.00 til 20.00 kolonnekøyring og manuell dirigering med ledebil.
  • All trafikk blir lagd over på omkøyringsveg mellom kl. 20.00 - kl. 06.00. 

Etter 25. november vert det kolonnekøyring i berre eitt køyrefelt fram til 30. november.