Oppstart i Flenjatunnelen 

Sprengingsarbeidet som førte til tre timar lange stengingar i E16 Gudvangatunnelen, var ferdig tidlegare i vår, og sidan har det vore pause i arbeidet i Aurland og fri ferdsle gjennom tunnelane. Denne veka startar hovudentreprenør Flage maskin på Gudvangatunnelen sin systertunnel, Flenja, som òg skal få ei opprusting. Med dette blir det på ny kolonnekøyring på nattetid på E16.

Arbeidstidene vert frå kl. 22.00 til 06.00 i sommarhalvåret (april til september) og frå kl. 20.00 til 06.00 i vinterhalvåret (oktober-mars). På fredagar og søndagar går arbeidet mellom kl. 22.00 og 06.00 heile året.

Arbeid i begge tunnelane etter ferien

– I Gudvangatunnelen blir det òg aktivitet att rett over ferien, fortel byggjeleiar Hans Myklatun.

Flage Maskin AS og Kvinnherad Elektro AS har saman fått kontrakten for elektroarbeidet, og det store arbeidet med å få på plass heilt ny elektrisk utrusting tek til i veke 31, kan byggjeleiaren opplysa.

Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen ligg rett etter kvarandre på E16 mellom Gudvangen og Flåm. Mellom dei ligg ei knapt kilometerlang strekning med fjellandskap, og avkøyrsla til den vesle bygda Undredal. Når det etter ferien blir arbeid i begge tunnelane samtidig, vil blir det køyrd kontinuerlege, felles kolonnar på heile strekninga Gudvangen–Flåm. Arbeidstidene vert dei same i begge tunnelane.

Utfordrande trafikkavvikling

Også i Flenjatunnelen blir det naudsynt med sprengingsarbeid fleire stadar, for å auka breidda og høgda i tunnelen. Dette vil føra til nye tre-timars stengingar frå hausten av. Truleg startar sprengingsarbeidet i oktober.

– Det er ikkje til å stikka under ein stol at trafikkavviklinga i desse tunnelane er utfordrande. Me har ein stor jobb framfor oss enda, og med omsyn til tryggleiken er det ikkje mogleg å få dette utført på anna måte enn ved stenging, seier byggjeleiaren.

 

Kontaktperson:

Hans Myklatun (byggjeleiar)

Telefon 414 95 668