Denne delen av prosjektet omfattar mellom anna nytt sikkerheitsutstyr, og utskifting av all elektrisk utrusting i tunnelen. Kontraktsummen er på 163 millionar. Arbeidet startar i månadsskiftet september/oktober.

Når Bømlafjordtunnelen står ferdig oppgradert i 2018 skal dette vere på plass:


• nye lys i tunneltaket
• ny ventilasjon
• kamera- og radarovervaking
• nye naudstasjonar med brannapparat og telefon
• nye evakueringslys
• nye tekniske bygg med transformatorar. Fire inne i tunnelen og to utanfor
• fjernstyrte infotavler på tilførselsvegane