Fv. 55 Røneidtunnelen, no med gul stripe.Fv. 55 Røneidtunnelen, no med gul stripe. Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen.

— Det er ikkje mange stadar ein merkar opprustinga like godt som her!

Sveinung Hovland er prosjektleiar for tunneloppgradering på fylkesvegane i Sogn og Fjordane. Det står rundt 40 tunnelar på lista hans, og fv. 55 Røneidstunnelen i Luster har vore høgt prioritert.

Tunnelen har vore kjend som problematisk, med fleire uhell og farlege situasjonar. No har han fått ei grundig overhaling, og står fram som lysare og romslegare. Då den gule stripa kom på plass langs midtlinja i tunnelen for nokre veker sidan, gjekk det ikkje upåakta i lokalmiljøet.

Betre takhøgd

Røneidtunnelen har tidlegare hatt makshøgd 4 meter, dvs. at bilar som er høgare enn dette ikkje har lov til å køyra gjennom. Makshøgda i ein tunnel blir bestemt av høgda ved kvitestripa: alle køyretøy skal ha klaring til installasjonane i taket når dei køyrer midt i bana si.

— I denne tunnelen har det vore eit problem med sentrisk køyring, fortel byggjeleiar Jan Nordgulen.

Bilar som eigentleg er for høge for tunnelen har likevel køyrd gjennom. Då må dei legga seg inn i midten av vegen, fordi det runda tunneltaket er for lågt for dei langs kanten. Dette skaper farlege situasjonar, forklarar byggjeleiaren.

— Me har sprengd vekk delar av taket slik at det er vorte betre høgd i heile breidda. Difor kan me no merka tunnelen med ny lovleg makshøgd på 4,30 meter. I tillegg har me fjerna nokre utstikkande fjellnabbar langs veggene, slika at tunnelen no er jamt brei.

Tryggare og lysare

Endringane i fv. 55 Råumtunnelen og Ottatunnelen, lenger inne langs Lustrafjorden, er kanskje ikkje like dramatiske, men også her det gjort viktige tiltak. Det er mellom anna sett opp nye naudstasjonar med brannsløkkingsapparat og telefonar som er kopla rett til Vegtrafikksentralen.

Også lyset i tunnelane har vorte betre, med tilpassing til dagslyset utanfor. Det gagnar både mjuke og harde trafikantar.

Sykkelknapp

Utanfor alle tre tunnelane er det sett opp sykkelknappar. Syklistar som skal gjennom tunnelen trykker på knappen før dei syklar inn. Då blir det tend blinkande lys over eit skilt som åtvarar om «syklist i tunnelen».

— På denne måten blir bilistar som køyrer inn i tunnelen førebudde på å møta mjuke trafikantar. I kombinasjon med betre lyssetjing gjer dette tunnelane tryggare for syklistane, seier Hovland.

Han er nøgd med at dei har fått på plass tryggingstiltaket, som er ganske nytt i landet.

— Dette er dei fyrste sykkelknappane i Sogn og Fjordane! Men det kjem nok fleire. Fv. 55 Vadheimtunnelen, som skal vera ferdig opprusta neste år, kjem også til å få sykkelknapp.  

Testing og markering etter ferien

Onsdag 3. juli kl. 18:00 pakka tunnelopprustarane saman og tok sommarferie. Dei er tilbake 5. august for siste finpussen. Framleis manglar det avstandsskilt og evakueringslys i Røneidtunnelen. I tillegg skal det setjast opp nokre lysmaster utanfor tunnelen på Gaupne-sida.

Dei andre to tunnelane er i all hovudsak ferdige, men før dei kan kvitterast ut må alt det nye utstyret testast. Entreprenør Birkeland gjer først sine testar, deretter sjekkar Vegvesenet installasjonane opp mot sine system. Testinga vil skje etter ferien, og vil føra til nokre kortare stengingar då.

— Me reknar med det blir ei markering når tunnelane er heilt ferdige, tidleg i haust, opplyser Hovland.